LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kulturell og kognitiv evolusjon ved Institutt for samfunnspsykologi

Søknadsfrist: 08.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Det er ledig ei stipendiatstilling i kulturell og kognitiv evolusjon ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er knytt til det NFR-finansierte SapienCE Senter for Fremragende Forsking, Centre for Early Sapiens Behaviour. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år med moglegheit for eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (t.d. undervisingsoppgåver ved instituttet). Stillinga er finansiert av Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • SapienCE Senter for Fremragende Forsking, etablert i 2017, fokuserer på åtferdsopphavet til Homo sapiens i Sør-Afrika mellom 100 000 og 50 000 år sidan. Hovudmålet er å avdekke kvar, når og kvifor tidlege menneske byrja å tenkje og oppføre seg slik vi gjer i dag, ved å kombinere arkeologiske utgravingar og datering med klimamodellering på den eine sida og forsking på menneskeleg kognisjon og sosialitet på den andre.
  • Stipendiatstillinga vil vere ein del av eit tverrfagleg prosjekt med mål om å undersøkje den kognitive og sosiale åtferda (som tileigning, organisering og overføring av kunnskap, gjenkjenningsprosessar, eller risikovurdering og avgjerdstaking under usikkerheit) involvert i å finne, vurdere og utnytte matkjelder. Stipendiatprosjektet vil knytast til pågåande forsking på rolla til sopp for kulturell og kognitiv evolusjon.
  • Avhengig av kandidatens ekspertise og interesser, kan dette utvidast i ei av fleire retningar, inkludert:
    • psykologiske eksperiment på risikovurdering og avgjerdstaking under usikkerheit
    • overføringskjede (transmission chain) studiar på korleis kunnskap, haldningar og verdiar endrar seg over tid og under kva faktorar
    • fylogenetiske analysar av evolusjonære banar på tvers av kulturar
  • Hovudrettleiar vil vere Prof. Dr. Andrea Bender (UiB); medrettleiing vil bli bestemt avhengig av spesialiseringa vald av kandidaten.

Meir informasjon om SapienCE er tilgjengeleg på denne nettsida

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • På søknadstidspunktet må søkjaren ha mastergrad eller tilsvarande i psykologi eller eit relatert felt med fokus på kognisjon, som antropologi, arkeologi, biologi eller kognitiv vitskap.
  • For opptak til doktorgradsprogrammet krevst normalt karakter B eller høgare på masteroppgåva.
  • Søkjaren må ha ekspertise i minst ein systematisk og analytisk metodologi, som:
    • å designe, gjennomføre og analysere kognitive eller sosialpsykologiske eksperiment (ideelt sett i konteksten av tverrkulturell og/eller tverrspråkleg forsking)
    • kulturelle overføringsstudiar (transmission chain-studies)
    • antropologisk feltarbeid med fokus på etnomykologi eller etnobiologi
    • storskala (etnografisk) databasekonstruksjon
    • fylogenetiske komparative analysar med Bayesianske rekneverktøy
  • Søkjaren må ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og må vere villig og i stand til å samarbeide med andre. Erfaring med tverrfagleg samarbeid er spesielt ønskjeleg og vil bli sett på som ein fordel.
  • Høg ferdigheit i både skriftleg og munnleg engelsk er påkravd.
  • Brei vitskapleg interesse utover søkjarens eige felt er forventa. Kjennskap til forsking på kulturell og kognitiv evolusjon, risikovurderingar og/eller matpsykologi vil bli sett på som ein fordel.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved evaluering av kandidatane.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervising) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervising, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Arbeidsstad er Bergen, Noreg.

Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat må du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet. 

Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 541 800. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Dette skal inkludere eit avsnitt om korleis kvalifikasjonskriteria som er nemnde ovanfor, blir oppfylte, og eit avsnitt om korleis dine forskingsinteresser er relevante for den utlyste stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV (på engelsk)
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka.
  • Viktig: Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved HK-dir (eller NOKUT) si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no) Dersom dette gjeld deg, må du laste ned godkjenninga og legge den ved søknaden. 
  • Relevante attestar
  • Liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonar, konferanseposter, innlegg osb.)
  • Publikasjonar i ditt namn som du ønsker å inkludere i søknaden (inkludert di masteroppgåve eller tilsvarande)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Andrea Bender, Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen, [email protected] Tlf.: 55 58 90 81

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

Powered by Labrador CMS
OSZAR »